SPRÅKNYTT | NYHEITSBREV
25. november 2025
Tre elevar frå Landøya ungdomsskole

Mål om engasjerande sidemål

 

Midt i bokmålsland har nynorsken fått gode ambassadørar. På Landøya ungdomsskole i Asker har norsklærarane gjort ein ekstra innsats for at elevane skal få god sidemålsundervisning.

Les om sidemålsundervisning på ungdomsskulen
Språkspørsmål og svar på språkrådet.no

Språkspørsmål og svar

I eit fjernsynsprogram for born vart ein hund omtalt som gravid og ein annan som sjenert. Det var løye å høyra. Er det rett ordbruk?

Sjå svaret på språkrådet.no

RESSURSAR OG ARRANGEMENT

Konferanse om læremiddel i skulen

 

Språkrådet og KS inviterer til konferanse 27. november om læremiddel i grunnopplæringa: Kva om ChatGPT skreiv lærebøkene?

Meld deg på konferanse om læremiddel i skulen

Nettseminar om klarspråk i urolege tider

 

Språkrådet og KS inviterer til nettseminar 28. november: Korleis skal vi greie å arbeide langsiktig og systematisk med få ressursar? Korleis kan informasjon frå det offentlege nå fram i mylderet av sosiale medium og alternative nyheitskjelder?

Meld deg på nettseminar om klarspråk

Utredning om innvandrere og norsk språk

 

Språkrådet har laget en utredning om norskopplæring og norskferdigheter i ulike innvandrergrupper. Utredninga inneholder en samlet framstilling av den oppdaterte kunnskapen på feltet.

Les om innvandrere og norsk språk

NYTT SIDAN SIST

 

Språkrådet publiserer aktuelle saker om norsk språk og språkpolitikk på språkrådet.no. Alle saker blir delte i sosiale medium. Her gir vi ei samla oversikt over relevante nettsaker sidan førre utgåve av nyheitsbrevet.

Problematiske prateroboter (20.11.25)

Språkrådet har testet fire prateroboter (KI-verktøy) som er eller skal tas i bruk i skole og offentlig forvaltning. Vi fant mange språkfeil i tekstene de produserte, flest i tekstene på nynorsk.

Kåring av dei beste europeiske masteroppgåvene (17.11.25)

Den europeiske samarbeidsorganisasjonen for språknemnder, EFNIL, skal kåre dei tre beste masteroppgåvene i Europa innanfor emna språkbruk, språkpolitikk og fleirspråklegheit.

Klarspråk i 20 år (30.10.25)

Språkrådet har arbeidet systematisk med klarspråk i offentlig sektor i 20 år, og interessen for språkarbeid har økt jevnt med årene. Fagfeltet er i stadig utvikling, og Norge markerer seg i det internasjonale klarspråksmiljøet. Her er historien bak suksessen.

MailMojo