Kva seier språklova om minoritetsspråk?
Språklova paragraf 1 seier at offentlege organ skal verne og fremje dei nasjonale minoritetsspråka. Dei nasjonale minoritetsspråka i Noreg er kvensk, romani og romanes.
Men kva med minoritetsspråk som ikkje er «nasjonale», altså dei såkalla nyare minoritetsspråka?
Nyare minoritetsspråk er språk som har kome til Noreg i nyare tid. Det er meir enn 150 nyare minoritetsspråk i Noreg. Blant dei mest brukte er polsk, somali, arabisk, litauisk og tysk. Desse språka er ikkje nemnde i språklova, og dei har ingen særskild status. Brukarar av nyare minoritetsspråk har likevel visse språklege rettar i enkelte samanhengar, til dømes når det gjeld opplæring og tolking.
Dei samiske språka blir rekna som urfolksspråk, ikkje nasjonale minoritetsspråk.
|