SPRÅKNYTT | NYHEITSBREV
28. november 2024
Gutt som ser på tv. Foto: Louis-Photo / stock.adobe.com

Norsk tapar terreng i barn og unges mediekvardag

 

Engelsk er det språket flest barn og unge brukar når dei er på sosiale medium, eller når dei ser på film og seriar. Det viser nye tal frå Medietilsynet.

I undersøkinga «Barn og medium 2024» har Medietilsynet kartlagt korleis mediekvardagen er for barn og unge i alderen 9 til 18 år. Det er mellom anna stilt spørsmål om kva språk barn og unge nyttar når dei er på nettet. Tilsvarande spørsmål blei stilte også i 2020 og 2022.

Resultata frå undersøkinga i år viser at engelsk er språket flest barn og unge brukar når dei er på sosiale medium, når dei ser film, seriar eller tv-program, eller når dei ser på YouTube. Samtidig er norsk det språket som blir mest bruk når dei unge les, ser eller høyrer på nyheiter.

– Tala viser at dei unge vel norskspråkleg innhald når det er relevant og tilgjengeleg, slik som nyheiter på nett, radio og tv. Men i dataspel og sosiale medium dominerer engelsken, og det er vanskeleg å finne fram til det gode innhaldet på norsk, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

 

Bruken av engelsk aukar

Når ein ser på tvers av ulike medieaktivitetar, er det fleire som hovudsakleg brukar engelsk i 2024 enn det var i 2020 og 2022. Unntaket er når barn og unge ser på film, seriar eller tv-program, der litt fleire svarar at dei vel norsk i år enn dei tidlegare åra. Men engelsk er framleis det mest brukte språket i denne kategorien òg.

– Å lære fleire språk er bra, men det oppstår eit problem når engelsk innhald blir for dominerande. Dersom norsk berre blir brukt i bøker og aviser, medan engelsk dominerer i sosiale medium, dataspel og på andre digitale flater, erfarer barn og unge at norsk ikkje fungerer i ei moderne verd, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.

 

Skilnader på kjønn og alder

Gutar brukar engelsk i større grad enn jenter både når dei konsumerer nyheiter, brukar sosiale medium og ser på YouTube. For innhald på film og tv er det ingen kjønnsskilnader.

Bruken av engelsk aukar med alderen når ein ser film og tv, og når ein konsumerer nyheiter. Bruken av engelsk går derimot ned med alderen når ungdom speler dataspel eller ser på YouTube.

Dei to direktørane er einige om at det er viktig å meistre språket for å bruke stemma si i samfunnsdebatten.

– Dersom ein ikkje meistrar det samfunnsberande språket, er vegen til ytringsfridom lengre, og då blir det somme som tek avgjerder på vegner av andre, meiner Velsand.

– Vi veit at leseferdigheitene går nedover, og at både barn og vaksne brukar mindre tid på å lesa. Da blir det desto viktigare å vera merksame på kva språk ungane møter og brukar på fritida, supplerer Wetås.

Språkspørsmål og svar på språkrådet.no

Det gjekk på engelsk – og norsk?

Engelsk, engelsk, engelsk, litt norsk, engelsk. Slik er mediekvardagen for barn og unge. Gjer det noko? spør direktørane i Medietilsynet og Språkrådet.

Les om bruken av norsk og engelsk i mediekvardagen
Språkspørsmål og svar på språkrådet.no

Språkspørsmål og svar

Hvorfor trenger vi å fornorske ord som kolera og sjampanje? Kan vi ikke bare skrive ordene slik de skrives på f.eks. engelsk?

Se svaret på språkrådet.no

RESSURSAR OG ARRANGEMENT

Nettseminar om klarspråk,

kunnskap og kompetanse

 

Hva slags kompetanse trenger man for å skrive klart? Hva mener innbyggerne om det offentliges bruk av klarspråk? Det får du vite på et nettseminar 29. november i regi av Språkrådet, KS og Digitaliseringsdirektoratet.

Meld deg på seminar om klarspråk

NYTT SIDAN SIST

 

Språkrådet publiserer aktuelle saker om norsk språk og språkpolitikk på språkrådet.no. Alle saker blir delte i sosiale medium. Her gir vi ei samla oversikt over relevante nettsaker sidan førre utgåve av nyheitsbrevet.

Hva kan en termliste inneholde? (18.11.24)

Det kommer an på hva lista skal brukes til, hvor mye den skal inneholde, og hvilke ressurser man har til å utarbeide og vedlikeholde lista.

Kåring av dei beste europeiske masteroppgåvene (30.10.24)

EFNIL skal kåre dei beste masteroppgåvene innanfor emna språkbruk, språkpolitikk og fleirspråklegheit. Studentar blir oppfordra til å sende inn oppgåvene sine og delta i konkurransen.

Kvam herad er årets nynorskkommune (22.10.24)

Kvam herad er ein verdig vinnar av den gjæve prisen.

Mer nynorsk i staten, men fremdeles altfor lite (14.10.24)

I fjor brukte ti av 168 underliggende statsorgan bokmål og nynorsk i tråd med kravene i språkloven, mot bare ett statsorgan året før.

MailMojo