Skal du skrive klart og presist om faglege emne på norsk, må du kjenne fagtermane og vite når du treng å forklare dei. Skal norsk halde fram som eit oppdatert og levande språk på alle fag- og forvaltningsområde, må vi som arbeider på felta, utvikle det norske fagspråket! Denne spalta vil gi deg tips om korleis du går fram.
Inntil vidare kan du varme opp med innføringskurset Begrip begrepene! på læringsplattforma til Direktoratet for forvaltning og økonomistyring eller med oppdatert terminologistoff på Språkrådets nye nettsider.
|