Nyord er med på å endre språk. Dei fleste nyorda blir danna spontant av språkbrukarane sjølve, ofte som resultat av at det er behov for ord som ikkje finst frå før. Mange av nyorda har kort levetid, medan andre kjem inn i allmennspråket og etter kvart inn i ordbøkene. Ei undersøking som nyleg er gjord av nyord i Bokmålsordboka og Nynorskordboka, viser kvar orda kjem frå, kva som kjenneteiknar dei, og korleis dei blir normerte.
|