Etter snart eitt år med ny språklov leverer statlege verksemder framleis for lite nynorsk.
Det er eit leiaransvar å sørgja for at offentlege verksemder brukar, utviklar og styrkjer begge dei norske skriftspråka. Leiarar veit at godt språk som møter innbyggjarane på deira eigne premissar, er verdt å investera i. Men innsikta ser berre ut til å gjelda det eine av dei to jamstilte skriftspråka våre.
Kva kan leiarar gjera for at verksemdene skal lykkast betre med å etterleva språklova?
På Språkdagen 8. november fortel tre rikspolitikarar frå departementskvardagen, og ordføraren i nynorskkommunen Ål deler røynsler og tips. NTNU har lenge lege langt bak krava i lova, men tar no grep og vil bli betre. Prodekan og leiar for språkutvalet ved universitetet fortel korfor og korleis.
Sjå introfilm
|